Pressemelding: Nye eigarar overtek SKL si naturgassatsing

Med verknad frå 1. april 2016 overtek lokale investorar naturgassverksemda til SKL. Det er viktig i eit lokalt og regionalt perspektiv. Dei nye eigarane overtek ei satsing SKL har hatt sidan 2007, der ein har utvikla og bygd infrastruktur for naturgass på Stord. «Ved utgangen av 2015 hadde SKL om lag 250 kundar på naturgassproduktet. Me er glade for at lokale interesser overtek drifta, og fører den vidare», seier John Martin Mjånes, viseadministrerande direktør i SKL. Naturgassverksemda er ikkje lenger definert som kjerneverksemd for SKL, som framover skal satsa på rein vasskraft.

Drifta vert overført til SNG der Jan Kåre Pedersen er styreleiar, og Atle Wigum er dagleg leiar. «SKL har bygd ei flott verksemd i ein spanande marknad som det er naturleg at vert vidareført lokalt. Me tek sikte på å vidareutvikla tilbodet og konseptet for å imøtekomma det lokale næringslivet sine ynskjer og behov, og samstundes tilby gode løysingar for privatmarknaden», seier Jan Kåre Pedersen i ein kommentar.

«Samspel mellom lokale investorar og institusjonar har mogleggjort vidareføringa. Investorgrupperinga brenn for utvikling av Sunnhordlands-regionen, og ønskjer lokale medspelarar. Tysnes Sparebank har ei klår lokal marknadsprofil der utvikling av lokalmiljøet står høgt, medan Comfort Stord Rør i ei årrekkje har levert tryggje løysingar lokalt. Dei var såleis naturlege val for SNG når ein skulle søkje partnarar i lokalmarknaden», avsluttar styreleiar Jan Kåre Pedersen.

 

 
Kontaktpersonar

For spørsmål om overtakinga: Styreleiar, Jan Kåre Pedersen, 470 16 000

For spørsmål om drift: Dagleg leiar, Atle Wigum, 917 44 100

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *