VIPPS – SÅ ENKELT

Som eit av dei første selskapa i Noreg tek Sunnhordland Naturgass nå i bruk Vipps Faktura for å gjere det enklare for kundane våre. Det vert enklare å betale og for deg som kunde er det også gebyrfritt. Sunnhordland Naturgass betalar alle transaksjonskostnader for å benytte Vipps.

Du slepp å tenkje på giroar, manuell utfylling og lange KID-nummer, då Vipps gjer heile jobben for deg, og det vil kun ta deg nokre sekund å betala rekninga. Samtidig så vil det fremdeles bli mulig å motta faktura som før om du ønskjer det. Har du ikkje Vipps installert, så vil du automatisk motta fakturaene som før, men nå med KID-nummer.

Si JA til Vipps Faktura, enklare, sikrare og meir oversiktleg vert det ikkje.

Ønsker du ikkje å få faktura i Vipps, så endrar du dette i Vipps-appen. Gå inn på «Min profil» ved å trykke på profilbildet du har lagt inn eller klikke på kamerasymbolet om du ikkje har profilbilde. Hvor det står «Motta regninger i Vipps» kan du fjerne markering for Vipps Faktura. Da vil du motta dine fakturaer som før.

Du kan også velge å betale fakturaen du har fått i Vipps via nettbanken. Da må du manuelt registrere fakturaen i nettbanken, basert på informasjonen frå fakturaen i Vipps. Men det er selvsagt mykje enklare å betale den i Vipps. I Vipps får du også opp full oversikt og historikk over alle fakturaer du har betalt.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt!

Pressemelding: Nye eigarar overtek SKL si naturgassatsing

Med verknad frå 1. april 2016 overtek lokale investorar naturgassverksemda til SKL. Det er viktig i eit lokalt og regionalt perspektiv. Dei nye eigarane overtek ei satsing SKL har hatt sidan 2007, der ein har utvikla og bygd infrastruktur for naturgass på Stord. «Ved utgangen av 2015 hadde SKL om lag 250 kundar på naturgassproduktet. Me er glade for at lokale interesser overtek drifta, og fører den vidare», seier John Martin Mjånes, viseadministrerande direktør i SKL. Naturgassverksemda er ikkje lenger definert som kjerneverksemd for SKL, som framover skal satsa på rein vasskraft.

Drifta vert overført til SNG der Jan Kåre Pedersen er styreleiar, og Atle Wigum er dagleg leiar. «SKL har bygd ei flott verksemd i ein spanande marknad som det er naturleg at vert vidareført lokalt. Me tek sikte på å vidareutvikla tilbodet og konseptet for å imøtekomma det lokale næringslivet sine ynskjer og behov, og samstundes tilby gode løysingar for privatmarknaden», seier Jan Kåre Pedersen i ein kommentar.

«Samspel mellom lokale investorar og institusjonar har mogleggjort vidareføringa. Investorgrupperinga brenn for utvikling av Sunnhordlands-regionen, og ønskjer lokale medspelarar. Tysnes Sparebank har ei klår lokal marknadsprofil der utvikling av lokalmiljøet står høgt, medan Comfort Stord Rør i ei årrekkje har levert tryggje løysingar lokalt. Dei var såleis naturlege val for SNG når ein skulle søkje partnarar i lokalmarknaden», avsluttar styreleiar Jan Kåre Pedersen.

 

 
Kontaktpersonar

For spørsmål om overtakinga: Styreleiar, Jan Kåre Pedersen, 470 16 000

For spørsmål om drift: Dagleg leiar, Atle Wigum, 917 44 100

Uventa bruk av naturgass

Frå naturgass til fiskefôr. Det kan bli verkeligheita om Calysta sine planar lukkast.

Statoil startet utviklingen av bioprotein på Tjeldbergodden i Møre og Romsdal. Den første sekken ble produsert 6. februar 1999.

– Naturgass fra Heidrun-feltet i Norskehavet brukes som råstoff. Norferm har utviklet en metode til å omdanne naturgass til bioprotein. Bioprotein inneholder 70 prosent protein, 12 prosent karbohydrater, 10 prosent fett og åtte prosent mineraler, skriver Statoil.

Teknologien er basert på anvendelse av mikroorganismer som nyttiggjør seg av naturgass og danner protein.

Les meir i artikkelen til Haugesunds Avis.

150427 Haugesunds Avis - Protein av naturgass

Verksemder i Sunnhordland satsar på miljø

Lokal verksemd satsar miljøvenleg. Naturgass er eitt av verkemidla som kan gjera Sunnhordland grønare og meir konkurransedyktig.

I eit heilt nytt konsept for låg- og nullutsleppsferjer, utvikla i eit samarbeid gjennom Wärtsilä sitt skipsdesignerkontor på Fitjar, og selskapet si elektro og automasjonsverksemd på Stord, melder konsernet seg no på i kampen om å vinna innpass i marknaden for meir miljøvennlege ferjer. Det går fram i ei pressemelding frå konsernet.

Dei nye ferjene er designa for å køyra på batteri åleine, eller i ei hybridløysing med motor og batteri. Til motoren er drivstoffalternativa flytande naturgass (LNG) og biodrivstoff.

Les artikkelen om Wärtsilä sine flotte ferjer i avisa Sunnhordland.

 

160113 Sunnhordland - Vil inn i ferjemarknaden