Spørsmål og svar

Kva er Vipps faktura?

Som eit av dei første selskapa i Noreg tek Sunnhordland Naturgass nå i bruk Vipps Faktura for å gjere det enklare for kundane våre. Si JA til Vipps Faktura, enklare, sikrare og meir oversiktleg vert det ikkje. Sjå meir om Vipps faktura her.

Kva kostar det å stengje eller åpne gassen?
Å åpne gassen i boliger med allerede innlagt gass utfører vi gratis. Gebyr for å stenge gass er kr. 1500,-.

Kva er skilnaden på propan og naturgass?
Den største skilnaden kundane skal vera merksam på er at propan er tyngre enn luft og vil synka til golvet ved ein eventuell lekkasje. Naturgass er lettare enn luft og stig opp ved ein eventuell lekkasje. Elles har propan eit høgare karboninnhald og ved forbrenning vert det høgare CO2-utslepp pr. kWh enn ved naturgassforbrenning. Ein annan skilnad er at ein vil trenga litt større rørdiameter for å få fram rett energimengd til utstyret ved bruk av naturgass enn ved propan, då energitettleiken er større hos propan. Ved dimensjonering av røyr i anlegg for gassbruk på Stord, vert dette tatt omsyn til av den lokale rørleggaren. Dette gjer at kunden alltid har moglegheit til å konvertera til naturgass når ledningsnettet for naturgass når fram til brukarar av gass som har valt propan i ein tidleg fase.

Kva slags miljøeigenskapar har naturgass?
Naturgass er eit produkt med særs låge utslepp av CO2 (karbondioksid) og er det reinaste brenselet som er tilgjengeleg i dag. Naturgass er ikkje giftig, er lettare enn luft og vert lett evakuert mot friluft. Naturgass forureinar heller ikkje jord og vatn på grunn av høg flyktighet.
Vegtrafikk og kysttrafikk er kjeldene til omkring 70% av NOX-utsleppa i Noreg. Utslepp av NOX bidreg til lokal helsefarleg luftforureining og forsuring av skog og vatn. Naturgass gjev vesentleg lågare utslepp av NOX enn diesel, og noko lågare utslepp enn bensin.

Kvar kjem naturgassen frå?
Naturgass kjem frå olje- og gassførekomstane i Nordsjøen. På prosesseringsanlegga vert naturgass skild ut og frakta via røyrleidning til kundar i hovudsak i Europa. Både Lyse og Gasnor, som naturgassdistributørar i Noreg, har greinleidningar som fraktar naturgass til dei for vidaredistribusjon av naturgass til sluttbrukarar i Noreg. Dei distribuerer naturgass vidare anten i røyrleidning, som CNG (trykksatt naturgass) eller som LNG (nedkjølt naturgass til -162 grader som er i flytande fase).

Korleis vert naturgassen transportert?
Norske sluttbrukarar får naturgass gjennom lokale røyrnett. På Stord har me eit lokalt mottaksanlegg for LNG. På anlegget vert den nedkjølte naturgassen fordampa slik at den går over i gassfase igjen. Røyrnettet på Stord har 3,2 bars trykk.

Kva er fordelane ved å varme bustaden med naturgass?
I tillegg til kostnadssparing, får kunden ei energikjelde med rein og enkel varme. Naturgass er eit kostnadseffektivt produkt som er skånsomt både for miljøet og lommeboka.
Naturgass har eit høgt energiinnhald og ein gasskjel har høg verknadsgrad. Sotdanning ved forbrenning er minimal. I dei fleste tilfelle unngår ein skorstein og lar til- og frå-luft gå direkte via ein ventil i vegg eller over tak. Med ein gasskjel har du alltid varmtvatn i varmtvatnsbehaldaren din grunna gassens evne til umiddelbar oppvarming.
Naturgass kan nyttast til om lag 75% av energibruken i bustaden, til dømes gasskomfyr, oppvarming, grill, peiskos og varmt vatn til forbruk og eventuell vassboren varme.

Samanlikna med andre oppvarmingsalternativ?
Miljøaspektet samanlikna til ved og fyringsolje er overlegent med omsyn til utslepp/avgassar både for nærmiljøet og globalt sett. Naturgass er også eit godt val samanlikna med fyringsolje og pelletsfyring når det gjeld handtering, lagring og reinhald.

Kva vert investeringskostnadane?
Lokale røyrleggjarar vil gje pristilbod på investeringar. Generelt kan ein seia at investeringskostnadane ved gass ikkje treng kosta meir enn andre oppvarmingsalternativ.

Ansvar og vedlikehald?
Jamfør ”Veiledning om gassanlegg”, har eigar og brukar ansvaret for regelmessig kontroll av gassanlegget. Det er tilrådd at eigar/brukar inngår skriftleg avtale med gassinstallatørfirma om slik regelmessig kontroll.

Er det noko fare knytt til bruk av gass?
Tryggleiksspørsmåla kring handtering av gass og tilhøyrande utstyr er vel gjennomarbeida i nært samarbeid med myndigheitene (mellom anna DSB – direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Statens byggtekniske etat). Risikoaspekta vert i dag ivaretatt på beste måte i bransjen.
Røyrframføring til abonnentskap på yttervegg er sikra gjennom 3.partskontroll. Serviceavtalen med gassinstallatør på gassutstyr og røyropplegg innandørs ivaretek kontrollen på det innandørs gassystemet.
Heile anlegget innomhus har eit veldig lågt gasstrykk. 20 mbar for naturgass og 30 mbar for propan.
Som kunde hos Sunnhordland Naturgass, skal du kjenna deg trygg på at tryggleiken kjem først og blir tenkt på i alle ledd.

Er det noko borna mine kan skada seg på?

Som ved andre komfyrar skal ein visa varsemd når born er i nærleiken. I tillegg til varmen i seg sjølv, skal ein vera merksam på at gasskomfyren har open flamme. Nettopp flammen og kvalitetane den tilfører matlaginga, gjer gasskomfyren til den føretrekte oppvarmingsreiskapen hos meisterkokkane.

Alt gassutstyr i Noreg har flammevoktarar som gjer at gasstilførselen vert stengd etter eit par sekund dersom gassen ikkje vert tent, eller om flammen vert blåst ut.

Elles er det ingen andre risikoelement for born ved bustadgass enn ved andre konvensjonelle alternativ.

Kva ansvar tek Sunnhordland Naturgass?
Sunnhordland Naturgass (SNG) har ansvar for og bygger gassrøyr fram til kundar.
SNG monterer abonnentskap med naudsynt målarutstyr på yttervegg hos kunde. Inne i abonnentskapet går normalt grensesnittet mellom kunde og SNG.
SNG står for kontroll, testing og driftssetting av anlegg fram til huset. Gassinstallatør står for kontroll av innretningane inne i huset. I tillegg har SNG valt å ha 3.partskontroll på heile anlegget. Før driftssetting av gass skal all dokumentasjon frå gassinstallatør vera førelagt SNG.

Kva materiale vert nytta i gassrøyra?
Utvendig vert det nytta plastrør av PE-material som ligger nedgrave med ei overdekking på 0,6 – 1 meter. innvendig nyttar ein stålrøyr, kobberøyr eller nedstøypte PEX-røyr.

Kva for normar/reglar gjeld for installasjon av gassutstyr?
Myndigheitskrav styrer denne prosessen. Til dømes ”Brann- og eksplosjonsvernloven”, ”Forskrift om brannfarlig og trykksatt stoff”, ”Forskrift om brannfarlig vare”, ”Forskrift om gassapparat og utstyr”, ”Veiledning om gassanlegg” og Norsk Gassnorm. Alt arbeid som vert utført i samband med gassanlegg skal utførast av gassteknikar med gassteknikarsertifikat, og denne skal være knytt til eit firma som har fagleg leiar med tilhøyrande sertifikat.

Kva for ei framtid finst det for naturgass som energikjelde?
Det finst gassressursar i Noreg som er berekna til å rekka til om lag 100 års forbruk. Då er og all eksport av gass inkludert.